nasen ein liten nut



fjeset til tvilling 1
er eit fjellandskap
nasen ein liten nut
med bekkefar ned 
til nattsvart tjern

auga berre
bergsprekkar
kinna vidder så 
vidt opplyste av 
måneskinet 

bøyer meg fram 
trekkjer pusten, blæs
til det fine graset oppå
fjellet byrjar å blafre
i sønnavinden

snur meg 
til tvilling 2
som snorkar 
lett

det er same
landskapet

gamle fjell
i syningom 


Deler av diktet 62 av Ruth Lillegraven i diktboka Urd, på side 112. 


Jeg har også en 


og en 



Kommentarer

Populære innlegg