bakken som pustar tungt



bakken som 
pustar tungt 
under asfalt
og snø, vrir
seg i seige
tundrarier

verda søv 
du søv
barna
søv
det 
minste barnet
mellom 
oss, med 
ein arm på 
deg og ein på
meg - som har 
han allereie skjønt 
si tildelte rolle
vesle skatten 
berre slik
klarar 
han å 
sove
som ei 
sjøstjerne på 
mors og fars
tilsynelatande
trygge hav
botn 

Deler av diktet *61* i diktboka Urd av Ruth Lillegraven, på side 110. 


Jeg har også en 


og en 



Kommentarer

Populære innlegg